Evolusjonsteorien

Artstre frå The Origin of Species som viser korleis Darwin tenkte seg at ulike artar hadde oppstått frå andre.

Evolusjonsteorien er den vitskaplege forklaringa på korleis evolusjon – danninga og endringa av artar – går føre seg.

Teorien er basert på Darwin sine teoriar, komplettert med nyare forsking som ikkje var kjend for Darwin; ein kallar gjerne difor dagens versjon nydarwinisme. Evolusjonsteorien er i dag særs omfattande, og vert nytta som eit viktig forklaringsverkty innanfor ei rekkje ulike fagdisiplinar. Spesialistar innanfor teorien vert kalla evolusjonsbiologar.

Stundom nyttar ein omgrepet utviklingslære som synonymt med evolusjonsteorien, men dette er eit uheldig ordval. Utvikling i biologien dreier seg om korleis individ endrar seg gjennom eit livsløp heller enn korleis individa endrar seg over generasjonar, og «lære» vert oftare nytta om dogme enn om vitskaplege teoriar.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search