Ein kalott (av fransk diminutiv av cale, ei sideform til écale ‘skolm, skal’)[1] er ei tettsittande, rund hue utan brem som berre dekker issen. I Europa vart kalott nytta av både borgarar og embetsmenn på 1500- og 1600-talet. Som ein del av embetsdrakta vart kalotten òg boren av det katolske presteskapet. Fleire austerlandske folkeslag går med kalott, ofte i samband med turban.[2]
Kalott er òg kjend frå enkelte norske folkedrakter.[2]
© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search