Karlstadforhandlingane

Sveriges og Noregs delegatar i Karlstad 23. september 1905 under Karlstadkonvensjonen om unionoppløysinga. Ståande frå venstre: (1) sekretær Johannes Hellner, (2) Hjalmar Hammarskjöld, (3) Karl Staaff, (4) sekretær Carl Berg, (5) Benjamin Vogt og (6) Andreas Urbye. Sitjande frå venstre: (1) Fredrik Wachtmeister, (2) Christian Lundeberg, (3) Christian Michelsen, (4) Carl Berner og (5) Jørgen Løvland.

Karlstadforhandlingane (òg kalla Karlstadkonvensjonen eller Karlstad-forliket) var forhandlingar mellom Noreg og Sverige i Karlstad andsynes oppløysinga av unionen mellom dei to landa i 1905. Sjølve forhandlingane pågikk frå 31. august til 23. september.

Utgangspunktet var at den norske regjeringa allereie hadde fått vedteke ei oppløysing av unionen i Stortinget, medan Sveriges regjering ikkje godkjende oppløysinga, i og med at ho hevda at vedtaket ikkje var lovleg fatta, og at ei oppløysing av unionen kravde eit gjensidig vedtak i begge land.

Den utløysande årsaka til unionoppløysinga frå norsk side var ei usemje om konsulatvesenet. Noreg hadde utvikla seg til eit dominerande shipping- og handelsland, og hadde i motsetnad til Sverige eit større behov for konsulære tenester for handel på andre sida av Atlanterhavet. Konsulatvesenet vart ein hemsko for unionen, og dei siste 20 åra var konsulatsaka den dominerande symbolsaka i den politiske konflikten mellom dei to landa.

Etter forhandlingar og trussel om krig i 1895, vart det etter kvart eit mildare klima frå og med 1902, men det tok slutt i november 1904. Landa sette hardt mot hardt, og den 7. juni 1905 avsette Stortinget Oscar II og oppheva unionen på eit juridisk grunnlag som uniontilhengarane oppfatta som eit brot på gjeldande forfatning. Sverige godkjende ikkje oppløysinga og kom med motkrav, blant dei ei folkerøysting om oppløysinga og oppklaring av ei rekkje punkt. Desse skulle takast opp ved ein felles konvensjon.

Karlstadforhandlingane varte frå 31. august til 23. september 1905, då konvensjonen vart underteikna av representantane for dei to landa. Som kompromiss vart forhandlingane lagt til den svenske byen Karlstad, som var omtrent like langt frå begge hovudstadene. Det var fem hovudpunkt som vart tekne opp: Grensefestningar og nøytral sone, transittrafikk, reinbeite, vassdrag og tvistemålsavgjerd. Av desse punkta var det diskusjonane om grensefestningane og den nøytrale sona som fekk mest merksemd.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search