Seera

Seera
Distrikt
Seera-distriktet (Shamsanfjella) frå Al-Alam-området
Land  Jemen
Guvernement Aden guvernement
Koordinatar 12°46′39″N 45°01′58″E / 12.7775°N 45.0328°E / 12.7775; 45.0328
Areal 5 901,7 km²
Folketal 76 723 (17. desember 2004)
Tidssone Jemen standardtid (UTC+3)
Kart
Seera
12°46′39″N 45°01′58″E / 12.7775°N 45.0328°E / 12.7775; 45.0328

Seera (arabisk صيرة Ṣīrah), Crater eller Kraytar (arabisk كريتر) er eit distrikt i Aden guvernement i Jemen. Det ligg i eit krater frå ein gammal vulkan i Shamsanfjella. I 2003 hadde distriktet eit folketal på 76 723 menneske.[1]

Dei siste dagane av det britiske styret i 1967, vart Seera-distriktet fokuset i Aden-krisa, stundom omtalt som den siste imperiekrigen. Etter at hundrevis av soldatar gjorde mytteri i den sørarabiske føderasjonshæren den 20. juni, trekte alle dei britiske styrkane seg bort frå krateret. Seera vart okkupet av arabiske soldatar, medan britane blokkerte dei to inngangane. I juli gjekk ein britisk infanteribataljon, leia av oberstløytnant Colin Mitchell frå Argyll & Sutherland Highlanders, inn i Seera og klarte å okkupere heile distriktet utan tap. Likevel følgde det dødelege geriljaåtak, og britane drog frå Aden mot slutten av november 1967, tidlegare enn den britiske statsministeren Harold Wilson hadde planlagt.

Krater i midten av 1870-åra.
  1. «Districts of Yemen». Statoids. Henta 17. oktober 2010. 

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search