Tinikling er ein filippinsk folkedans. Dansen går føre seg ved at to personar held i to tjukke bambusrøyr. Desse blir haldne like over bakken og slått mot kvarande og mot bakken. Dansarane utfører trinna sine over og kring bambusrøyra medan dei blir flytta.[1][2][3]
Namnet «tinikling» tyder bokstavelg 'å opptre som ein tikling',[4] og viser til fuglen tikling. Dette er eit lokalt namn fleire fuglar i riksefamilien – Gallirallus striatus, Gallirallus philippensis og Gallirallus torquatus.[5] Fuglane er kjende for å vera lette på foten medan dei går over grasstrå og tregreiner og kjem seg unna bambusfellene til risbøndene. Dansarane imiterer dei grasiøse rørslene til fuglen ved å manøvrera mellom store bambuspålar.[6]
Dansen skal ha oppstått som ein imitasjon av tikling-fuglen på øya Leyte sentralt i landet. Folkedansen blir i dag også brukt til oppvising knytt til filippinsk kultur, til dømes i samband med den filippinske sjølvstendedagen.[7] Han blir også mykje brukt i grunnskular, ettersom han er ei fysisk øving som krev liknande koordinasjon som til dømes hoppetau.[8]
© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search