Typograf er ein person som arbeider med typografi (kunsten og teknikken å velja og komponera skriftsnitt, skriftstorleikar, linjeavstand, teiknavstand og ordavstand for typografiske bruksmåtar).
Opphavleg var typografi knytt til boktrykking.[1] Eit boktrykkjeri har som regel to ulike arbeidslokale: setteriet der ein framstiller satsen, og sjølve trykkjeriet, der han blir trykt.[1] Av dette følgjer dei to hovudgruppene av fagarbeidarar, setjarar og trykkjarar.
Det moderne omgrepet typografi er lausriven frå boktrykking og blir best skildra som å setja og forma ut tekst.
Utdanninga har endra innhald og skifta namn og heiter i dag mediegrafikar.
© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search