1 results found for: “Ban_Russian_Oil”.

Request time (Page generated in 0.1964 seconds.)

Baku

og popsongar Vagif Mustafazadeh, sovjetisk jazzpianist, komponisting Russian oil company LUKOIL Murtuza Mukhtarov, industrileiar innan oljeverksemda og...

Last Update: 2024-06-11T16:57:20Z Word Count : 4819

View Rich Text Page View Plain Text Page

Main result

Baku

Baku (aserbajdsjansk Bakı) er hovudstaden og den største byen i Aserbajdsjan. Han er òg den største hamnebyen i landet og i heile Kaukasus. Byen ligg på sørsida av Absjeronhalvøya og består i hovudsak av tre delar: gamlebyen (İçəri Şəhər), oljebyen frå tidleg 1900-tal og den sovjetiskbygde delen av byen. Dei fyrste skriftlege kjeldene nemner byen på 600-talet, men byen kan ha vore grunnlagd fleire hundre år før. Byen hadde i 2011 litt over 2 millionar innbyggjarar, medan storbyområdet kring Baku har omkring 3 millionar innbyggjarar. Gamlebyen i Baku i lag med Sjirvansjahpalasset og Jomfrutårnet vart innskriven på verdsarvlista til UNESCO i 2000. I følgje rangeringa til Lonely Planet er Baku òg av dei ti beste utelivsbyane i verda. Baku er delt inn i elleve administrative distrikt (rajon) og 48 bydelar. Av desse finst bydelane på øyane i Bakubukta og byen Neft Daşları (Oljeklippene), som er bygd på stylter i Kaspihavet, 60 km frå Baku. Byen er det økonomiske og kulturelle sentrumet i Aserbajdsjan. Mange store aserbajdsjanske institusjonar har hovudkvartera sine der, som SOCAR, eit av dei 100 største selskapa i verda. Økonomien i Baku er mykje grunna på petroleumsverksemd. Heilt sidan 700-talet har det vore kjend at området har rike førekomstar av petroleum.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search