Anarkisme

Det svarte anarkist-flagget med det uoffisielle symbolet til rørsla, ein A i ein sirkel.

Anarkisme (frå gresk anarchia - fråvær av styresmakt) blir av mange oppfatta som ei retning innan sosialismen, som i tillegg til å vere mot kapitalismen også vil avskaffe staten. Anarkistar flest tar derfor avstand frå politisk verksemd i vanleg tyding, som går ut på å skaffe seg makt innanfor staten (sosialdemokratar, demokratiske sosialistar) eller opprette ein ny stat (kommunistar). I motsetnad til den sentralistiske staten som styrer ovanfrå gjennom eit hierarki, er tanken at det anarkistiske samfunnet skal byggjast etter ei horisontal organisering av friviljuge samanslutningar av suverene einskildmenneske. Desse samanslutningane skal vonleg greia å samarbeida til alle sitt sams beste gjennom ein føderasjon, etter prinsippet om å yta etter evne og få det ein treng.

Anarkisme blir også kalla fridomssosialisme eller friheitleg sosialisme. Ein type anarkisme som vil erstatte staten med fagrørsla, blir kalla anarkosyndikalisme. Denne har stått sterkt i arbeidarrørsla sin barndom i land som Italia, Frankrike og Spania. I delar av Spania, såleis til dømes Catalunya, var den anarkosyndikalistiske fagrørsla CNT (Confederacion Nacional del Trabajo) den som stod sterkast i arbeidarklassen før den spanske borgarkrigen. I USA stod den anarkosyndikalistiske fagorganisasjonen IWW, Industrial Workers of the World, relativt sterkt i første delen av førre hundreåret. I Sverige finst det også ein slik fagorganisasjon som framleis er til å rekne med, SAC, Svenska Arbetares Centralorganisation. Den største innverknaden frå anarkismen må i dag likevel seiast å vere meir indirekte, på demokratiske sosialistar, som har stor sans for anarkistane si insistering på fridomens eigenverdi.

Anarkistiske idéar i Noreg har hovudsakleg vore hevda av ulike intellektuelle miljø, og er for det meste haldne fram av forfattarar. Mellom dei fyrste som kalla seg anarkistar i landet, var Arne Garborg og Ivar Mortenson-Egnund. Dei dreiv det radikale målbladet Fedraheimen som kom ut 1877-91. Etter kvart vart dette bladet meir og meir merkt av anarkistisk tilfang, og heilt på slutten, då Rasmus Steinsvik var bladstyrar, hadde bladet jamvel undertittelen Anarkistisk-Kommunistisk Organ. Ein annan anarkistisk forfattar frå same tidbolken var Hans Jæger, som i 1908 gav ut bokverket Anarkiets bibel. I nyare tid har Jens Bjørneboe vore den fremste målsmannen for anarkismen i Noreg.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search