Baskisk

Baskisk
euskara
Klassifisering isolat
Bruk
Tala i Spania, Frankrike
Område Baskarland
Baskisktalande i alt ca. 1 033 900 (2001)
Rangering ikkje blant dei 100 største
Skriftsystem Det latinske alfabetet med nokre tilleggsbokstavar
Offisiell status
Offisielt språk i Euskadi og Navarra i Spania
Normert av Euskaltzaindia
Språkkodar
ISO 639-1 eu
ISO 639-2 baq (B) / eus (T)
ISO 639-3 eus

Baskisk (baskisk: euskera / euskara / eskuara) er eit språk utan kjende slektspråk, eit isolert språk, som blir snakka langs Biscayabukta i Spania og Frankrike, i regionen som blir kalla Baskarland. Språket blir tala av om lag 690 000 baskarar. Mange baskisktalande bur utanfor Baskarland, og om me tel med dei blir talet på baskisktalande om lag 800 000.

Namnet baskisk kjem frå det latinske ordet vascones, eit namn som blei brukt om keltiberarar, ei gruppe keltarar som budde på den iberiske halvøya. Ordet deler etymologi med den baskiske forstavinga euski-.
Baskarane kallar seg sjølve Euskaldunak, som er avleidd frå språknamnet euskara (og tyder altså «baskisktalande»).

Baskisk er i dag det einaste ikkje-indoeuropeiske språket som blir bruka i Vest-Europa, attåt samisk og austersjøfinsk i Nord-Europa og maltesisk i Sør-Europa, og det einaste isolerte språket på det europeiske kontinentet. Baskisk har halde stand mot indoeuropeiske språk i tusenvis av år, blant dei keltisk, latin og dagens romanske språk. Det er sannsynleg at språket er det einaste gjenlevande språket av dei som blei tala i Europa før dei indoeuropeiske språka kom.

Latinske innskrifter av romersk opphav i Aquitaine (Sør-Frankrike) inneheld fleire ord som liknar svært mykje på baskiske, til dømes personnamna Nescato og Cison (neskato og gizon tyder 'jente' og 'mann' på moderne baskisk). Dette språket er kalla aquitansk, og blei truleg tala før romarane bringa med seg latin til Vest-Pyreneane. Romersk forsøming av denne regionen gjorde at baskisk overlevde som språk, mens andre ikkje-indoeuropeiske språk på Den iberiske halvøya, som til dømes iberisk og tartessisk, døydde ut og blei erstatta med latin.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search