City of London

City of London
grevskap
Motto: Domine dirige nos
(Herre, rettlei oss)
Land  England
Region Stor-London
Status Sui generis; by og seremonielt grevskap
Kart
City of London
51°30′56″N 0°05′35″W / 51.515555555556°N 0.093055555555556°W / 51.515555555556; -0.093055555555556
Wikimedia Commons: City of London

City of London (ofte kalla City, men ikkje til å forveksla med metropolen London) er ein sjølvstendig by i England. Byen blei grunnlagd av romarane i det første hundreåret e.Kr.

City blir rekna som finanssenteret i Storbritannia. Byen har berre rundt 8 000 innbyggjarar, og etter kontortid er det ikkje mykje som skjer der, men i arbeidstida er det meir enn 300 000 som oppheld seg på det litle området.

Byen har ein unik politisk status med grunnlag i ei rekkje privilegi tildelt av den britiske monarken gjennom hundreår. Den har stor grad av fridom frå andre myndigheiter, fordi den har status som eit grevskap. City blir styrt av City of London Corporation, ført an av ein overborgarmeister, Lord Mayor of London (i motsetning til London som blir leia av Mayor of London). Valsystemet er eineståande: forretningsmenn har stemmerett, og fordelinga av stemmer per valdistrikt er svært ujamn. Byen driv fem skular og har sin eigen politistyrke, City of London Police.

City har to sjølvstendige enklavar – Inner Temple og Middle Temple. Den har også eit tal eksklavar utanfor sine grenser: 8 friareal (parker, skogar og allmenningar) i og rundt London.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search