Deep Purple

Deep Purple

Deep Purple i 2004.
F.v.: Roger Glover, Ian Paice, Ian Gillan, Don Airey og Steve Morse.
OpphavHertford, England
Aktiv1968 - 1976, 1984 til i dag
SjangerHardrock, heavy metal, psykedelisk rock, bluesrock
Tilknytte artistarThe Maze, Episode Six, Rainbow, Paice, Ashton & Lord, Whitesnake, Black Sabbath, Gillan & Glover, Hughes Turner Project, Living Loud
PlateselskapTetragrammaton, Warner Bros., Polydor, BMG, EMI, Edel
MedlemmerIan Paice (trommer)
Roger Glover (bass)
Ian Gillan (vokal)
Steve Morse (gitar)
Don Airey (keyboard)
Tidlegare medlemmerJon Lord (keyboard)
Ritchie Blackmore (gitar)
Rod Evans (vokal)
Nick Simper (bass)
David Coverdale (vokal)
Glenn Hughes (bass, vokal)
Tommy Bolin (gitar)
Joe Lynn Turner (vokal)
Joe Satriani (gitar)
PrisarRock and Roll Hall of Fame

Deep Purple er eit hardrockband som vart danna i 1968 i Hertford i England i Storbritannia.[1] Gruppa har ved sida av Black Sabbath og Led Zeppelin vorte rekna som pionerar innan hardrock og heavy metal, sjølv om somme bandmedlemmar hevdar at ein ikkje kan kategorisere musikken deira til ein enkelt sjanger.[2][3][4][5] Dei var ein gong oppført i Guinness Rekordbok som «det mest høglydte bandet i verda»[6][7] og har seld over 100 millionar album på verdsbasis,[8][9][10], inkludert 7,5 millionar album i USA.[11]

Deep Purple vart rangert på 22. plass på lista til VH1 over dei største hardrock-artistane gjennom tidene.[12]

Bandet har gått gjennom mange endringar og ein åtte år lang pause (1976–84). Besetningane frå 1968 til 1976 vert ofte kalla Mark I, II, III og IV.[13][14] Den andre og mest suksessrike besetninga var med Ian Gillan (vokal), Roger Glover (bass), Jon Lord (tangentinstrument), Ian Paice (trommer) og Ritchie Blackmore (gitar). Denne besetninga var aktiv frå 1969 til 1973, og igjen frå 1984 til 1989, samt i 1993, før gnissingane mellom Blackmore og dei andre medlemmane vart for store. Den noverande besetninga (med gitarist Steve Morse) har vore mykje meir stabil, sjølv om Lord forlet bandet i 2002 med Paice som einaste gjenverande originalt medlem.

Eitt særdrag ved Deep Purple sin musikk, som skil gruppa frå Led Zeppelin og Black Sabbath, men som går att i seinare hardrock, er påverknaden frå barokkmusikken, uttrykt gjennom lange duellar mellom gitar og orgel. Tydelege døme på dette høyrer ein i låtane «Speed King» frå albumet Deep Purple in Rock, «Highway Star» frå Machine Head og «Burn» frå albumet Burn. Desse sitatteknikkane frå den europeiske kunstmusikken, særskilt barokkmusikkken, fanst i Deep Purple sin musikk allereie på det første albumet, Shades of Deep Purple, frå 1968, til dømes på låten «Mandrake Root». Dette er eit element som knyter gruppa sin musikk til, og viser sambandet med den samtidige progressiv rocken, aktørar som Emerson, Lake & Palmer, Yes og Genesis. Låtane «Smoke on the Water», «Highway Star», «Child In Time», «Black Night», «Perfect Strangers» og «When A Blind Man Cries» er mellom dei mest kjende verka til Deep Purple.

  1. Shades of Deep Purple album sleeve notes s. 4–5.
  2. Jeb Wright The Naked Truth: An Exclusive Interview with Deep Purple’s Ian Gillan Arkivert 2009-04-27 ved Wayback Machine. Classic Rock Revisted
  3. Wasler, Robert (1993). Running with the Devil: power, gender, and madness in heavy metal p.10. Wesleyan University Press, 1993
  4. Michael Campbell, James Brody (2008) ROCK AND ROLL: AN INTRODUCTION, s.213
  5. Deep Purple Bio by Jason Ankeny & Greg Prato of Allmusic Arkivert 2009-05-30 ved Wayback Machine. VH1
  6. McWhirter, Ross (1975). Guinness Book of World Records (14 utg.). Sterling Pub. Co. s. 242. ISBN 978-0-8069-0012-4. 
  7. Jason Ankeny. «Deep Purple». Allmusic. Henta 28. mai 2012. 
  8. «Deep Purple – Rapture Of The Deep». I Like Music article. Henta 28. mai 2012. 
  9. Artist Profile – Deep Purple EMI.
  10. «DEEP PURPLE and Paid, Inc. Launch First VIP Fan Experience Concert Package Sales on www.DeepPurple.org». Paid, Inc. 17 oktober 2007. 
  11. «RIAA Gold & Platinum database». Henta 28. mai 2012. 
  12. The Greatest: 100 Greatest Artists of Hardrock (40–21) Arkivert 2009-03-16 ved Wayback Machine. at VH1.com.
  13. Deep Purple reviews.
  14. Deep Purple Mark I & Mark II.

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search