Den indoaustralske plata

██ Den indoaustralske plata, synt som delt mellom den indiske- og den australske plata.

Den indoaustralske plata er ei stor jordskorpeplate som omfattar kontinentet Australia og det omliggande havet, og strekkjer seg nordvest til det omfattar det indiske subkontinentet og farvatnet kring. Det vart forma då dei indiske og australske platene smelta saman for 43 millionar år sidan.[1] Nyar studiar og seismiske hendingar som jordskjelvet i Indiahavet 2012, indikerer at den indoaustralske plata kan vere i ferd med å bryte opp i to separate plater på grunn av stresset som er skapt av kollisjonen mellom den indoaustralske plata og den eurasiatiske plata langs Himalaya.[2] Den austlege delen (Australia) flyttar seg nordover med ein fart på 5,6 cm per år, medan den vestlege delen (India), berre flyttar seg nordover 3,7 cm per år på grunn av hindringa som Himalaya skapar. Denne skilnaden i rørsler fører til at plata vert pressa saman nær sentrum, ved Sumatra og ei potensiell deling av den indiske og den australske plata.[3][4][5] Dei to protoplatene eller subplatene vert generalt kalla Den indiske plata og Den australske plata.

Ei tredje, Capricornplata, kan òg verte skild ut på vestsida av den indiske plata.[6]

  1. (2010) Australia: The Land Where Time Began
  2. (1995) Geologists Find: An Earth Plate Is Breaking in Two
  3. (2012) Earth cracking up under Indian Ocean
  4. (2012) April 2012 intra-oceanic seismicity off Sumatra boosted by the Banda-Aceh megathrust
  5. (2012) Newscientist image
  6. «Sumatra quake was part of crustal plate breakup: Study shows huge jolt measured 8.7, ripped at least 4 faults». Phys.Org. 26. september 2012. Henta 8. januar 2013. 

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search