Det indiske kastesystemet

Illustrasjon frå verket Seventy-two Specimens of Castes in India som viser typisk klesdrakt for mann og kvinne frå skomakarkasten i Madurai.

Det indiske kastesystemet er den kastestyrte samfunnsordninga som har utvikla seg i India gjennom fleire tusen år. Dette er eit system som er nedfelt i hinduskrifter, tradisjonar og lovtekstar, men også forsøkt endra gjennom aktivisme, lovverk og religiøse reformer. Liknande system er utbreidde over heile Sør-Asia og tildels i sørasiatiske utvandrarmiljø.

Den religiøst baserte grovinndelinga av samfunnet inneheld fire kastegrupper kalla varna ('farge'): Bramin ('prest/lærd'), ksjatrya ('krigar'), vaisjya ('handverkar') og sudra ('tenar'). Denne inndelinga går på tvers av geografiske og språklege linjer. Men medlemmene i kastesamfunnet høyrer også til mindre grupper, ofte kalla jati, som er tilknytte særskilde stader, yrke, språk- eller folkegrupper. I det tradisjonelle kastesystemet gifta ein seg nesten berre innanfor desse gruppene, og følgde levesettet til sin jat.[1]

Kasteordninga er særleg tett bunde til hinduismen, men finst òg blant dei andre religiøse gruppene i Sør-Asia. Kastane er nemnde i buddhistiske tekstar som brāhmaṇa, khattiya, vessa og sudda, men den siste er ofte utelaten. Buddha sjølv meinte at kaste ikkje var relevant for andeleg utvikling.[2]

Lovgjeving har sidan sjølvstendet i 1947 forsøkt å betra høva for lågkastene. I moderne bysamfunn har også utdanning, media, moderne arbeidsliv og politikk ført til at kaste har mindre tyding enn hadde tidlegare,[3] men på landsbygda og i visse samanhengar (forhold, ekteskap, politikk og liknande) kan det framleis vera særs relevant.[4]

  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Sociology
  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Buddhism
  3. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet PublicHealth
  4. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Bayly

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search