Alfabetet | |||||
A | B | C | D | E | |
F | G | H | I | J | |
K | L | M | N | O | |
P | Q | R | S | T | |
U | V | W | X | Y | |
Z | Æ | Ø | Å |
Bokstaven E er den femte bokstaven i det latinske alfabetet. Det er ein fremre, halvtrong vokal. I dei semittiske og egyptiske alfabeta var han ein konsonant (ein H-lyd), men i gresk har han fått verdien e. I det eldste runealfabetet vert han skrive som den tredje runen i tredje ætt, som truleg er danna av ein liggande E. Det yngre runealfabetet har ikkje noko særskild E-teikn, men nyttar I for både E og I. I norsk viser E til både den reine e-lyden (ren, vet), æ-lyden (både kort og lang, til dømes herre) og den sentrale vokalen ə i trykklette stavingar (lese). I personnamn er e etter i (etter tysk mønster) ofte stum og viser at i er lang, til dømes Diesen.
© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search