Elektromagnetisk induksjon

Elektromagnetisk induksjon er eit fenomen der det i ein elektrisk krins oppstår elektrisk spenning når ein endrar magnetfeltet omslutta av krinsen eller ved å flytte på krinsen i eit magnetfelt. Elektromagnetisk induksjon knyter dermed saman elektrisitet og magnetisme og er særs viktig innan fleire bruksområde, som i generatorar, transformatorar og elektroniske komponentar. Prinsippet vart oppdaga av Michael Faraday i 1831.

Formelen for indusert spenning i ein elektrisk leiar med éi vinding i eit magnetfelt er gjeven ved Faradays induksjonslov

der er elektromotorisk spenning (ems) og ΦB er magnetisk fluks.

Dette betyr i praksis at elektrisk spenning vil oppstå i ein elektrisk leiar dersom den magnetiske fluksen gjennom leiaren vert endra. Om leiaren er slutta vil han danne ein krins og det vil gå straum igjennom denne på grunn av den induserte spenninga. Storleiken på straumen er avhengig av resistansen til krinsen i samsvar med Ohms lov. Dette gjeld sjølv om sjølve styrken på magnetfeltet vert endra, eller om sjølve leiaren til dømes roterer i magnetfeltet, og på den måten endrar den magnetiske fluksen gjennom leiaren.

Induksjonsprinsippet ligg til grunn for dei fleste elektriske apparat, og er òg årsaka til at straum kan produserast ved hjelp av generatorer.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search