Fuglar

Fuglar
Diversitet i klassen Aves
Diversitet i klassen Aves
Systematikk
Rike: Dyr
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Ryggradsdyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
von Linné, 1758

Fuglar (klasse Aves) er varmblodige, eggleggjande, tobeinte virveldyr med karakteristiske fjør, venger og nebb. Det finst rundt 10 300 kjende nolevande fugleartar, noko som gjer Aves til den mest talrike klassen av landlevande virveldyr. Dei har habitat i økosystem over heile verda frå Arktis til Antarktis. Fuglar varierer i storleik frå ca. 5 cm for bikolibri til den ca. 2,5 meter høge strutsen. Det er brei semje om at fuglane stammar frå ei utdøydd gruppe små tobeinte dinosaurar. Fossile funn viser at fuglane utvikla seg frå theropode dinosaurar i juratida rundt 150-200 millionar år tilbake. Den eldste kjende fugleliknande dinosauren er frå sein jura for ca. 150 millionar år sidan og er nemnt Archaeopteryx, «urfuglen». Ekte fuglar kan ha oppstått i krittida, frå ca. 100 millionar år sidan.[1] Dei fleste paleontologar reknar fuglar som einaste dyregruppe, «klade», av dinosaurar som overlevde krit-tertiær-utryddinga for om lag 65,5 millionar år sidan.

Moderne fuglar er karakterisert av fjør, eit nebb utan tenner, dei legg egg med harde skal, dei har høgt stoffskifte, eit hjarte med fire kammer, og eit lett, men sterkt skjelett. Hos alle fuglar har forlemmene utvikla seg til venger. Dei fleste artar har flygeevne med enkelte unnatak som inkluderer strutsefuglar, pingvinar og ei rekkje ulike endemiske øyartar. Fuglar har også unik fordøyingskanal og luftvegssystem som er særs godt tilpassa flyging. Nokre fuglar, spesielt kråker og papegøyar, er blant dei mest intelligente dyreartane; ei rekkje fugleartar er observert i å tilverke og å bruke verktøy, og mange sosiale artar viser kulturell overføring av kunnskap på tvers av generasjonar.

Mange artar gjer lange sesongmessige migrasjonar, og mange fleire utfører kortare uregelmessige trekk. Fuglar er sosiale, dei kommuniserer via visuelle signal og gjennom rop og song, dei tar del i sosial åtferd medrekna samarbeid om hekking og jakt, flokkdanning og mobbing av predatorar. Dei fleste fugleartar er sosialt monogame, til vanleg for ein hekkesesong om gongen, nokre gonger i fleire år, men sjeldan for heile livet. Andre artar er polygyniske («fleirkoneri») eller, sjeldan, polyandriske («fleirmanneri»). Fuglar legg egga mest vanleg i eit reir og foreldra rugar dei fram til klekking. Ungane hos dei fleste fugleartar får omsut frå foreldra i ein lengre periode etter klekking.

Nokre fugleartar har stor økonomisk verd for menneske, for det meste som føde gjennom dyrehald eller jakt. Andre artar gjev gjøding, guano, dynefyll, dun og fjør, eller er til anna gagn som hjelp under jakt og fiske. Somme vert haldne fanga som populære kjæledyr. Fugleskapningar har vore skildra i kultur innan religion, poesi og populærmusikk.

Om lag 120-130 artar er utrydda som følgje av menneskeleg aktivitet sidan 1600-talet, og hundrevis før den tid. For tida er ca. 1200 fugleartar trua av utrydding som følgje av menneskeleg aktivitet, sjølv om det òg vert gjort arbeid for å verne bestandane.

Sotterneflokk (Onychoprion fuscatus) på Bird Island ('Fugleøya'), ei av Seychellane.
Foto: Dino Sassi - Marcel Fayon
  1. Brown, J.W.; Van Tuinen, M. (2011). «Evolving Perceptions on the Antiquity of the Modern Avian Tree, in Living Dinosaurs». The Evolutionary History of Modern Birds (John Wiley & Sons LtD): 306–324. doi:10.1002/9781119990475.ch12. 

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search