Fylke

Dei 15 fylka i Noreg frå 2024.

Fylke (nordsamisk fylka, sørsamisk fylhke; lulesamisk fylkka, kvensk fylkki) er regionale administrative område i Noreg som har eit visst sjølvstyre i form av fylkeskommunar, som er administrative einingar med same geografiske grenser og namn som fylka. Ein må skilje mellom fylket som geografisk eining og fylkeskommunen som sjølvstendig administrativt organ som har fylket som sitt geografiske virkeområde. Tidlegare vart fylka kalla amt.

Eit fylke er delt inn i kommunar, som er mindre og sjølvstendige administrative einingar med sitt eige geografiske virkeområde.

Noreg har i dag 15 fylke.[1]

Talet på fylke hadde halde seg stabilt mellom 1919 og 2017; den einaste fylkeskommunen som er forsvunnen i den perioden er Bergen, som tidlegare var eige fylke, men vart teke opp i Hordaland fylke som ein ordinær kommune. Den 1. januar 2018 slo Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag seg saman til Trøndelag fylke. Stortingsfleirtalet hadde i 2016 sett i gang ei reform av fylkeskommunane som førte til at det vart 11 fylke i landet frå 1. januar 2020. Fylka Buskerud, Akershus og Østfold vart til Viken fylke, Vestfold og Telemark vart til Vestfold og Telemark fylke, Oppland og Hedmark vart Innlandet fylke, Aust-Agder og Vest-Agder vart Agder fylke, Sogn og Fjordane og Hordaland vart Vestland fylke og Troms og Finnmark vart Troms og Finnmark fylke. Dei gamle fylka Nordland, Møre og Romsdal, Rogaland og Oslo heldt fram som dei var.

Frå 1. januar vart Troms og Finnmark fylke, Vestfold og Telemark fylke og Viken fylke oppløyste, og fylka som hadde eksistert fram til 2019, vart oppretta igjen.

Det er i dag berre eitt fylke i Noreg utan kyst, og det er Innlandet fylke.

  1. «Fylkesinndelingen fra 2024», Regjeringen.no (på norsk bokmål), 5. juli 2022, henta 4. januar 2024 

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search