Granitt

Granitt

Granitt i ein vegg på Jersey.
Kjenneteikn
GruppeMagmatisk
Hovudmineralkvarts, alkalifeltspat, plagioklas
Identifikasjon
Bruksområdebyggstein,
brustein, m.m.
Tettleik1,74 - 2,80 gj. 2,64

Granitt er ein vanleg og mykje nytta bergart. Han er ein magmatisk bergart og har ein middels til grovkorna struktur. Namnet på bergarten kjem frå latin granum, som tyder korn, og viser til den grovkorna strukturen i steinen. Granittar kan vere alt frå raudleg til gråaktig, avhengig av den kjemiske og mineralogiske samansettinga. Granitt er definert til å ha ein fargeindeks på mindre enn 25 % (altså kor mange prosent av steinen som består av mørke stoff). Frambrot av granitt dannar av ofte knausar og avrunda massiv.

Granitt er nesten alltid massiv (manglar indre strukturar) og hard og den særskilde eigenskapen til steinen er at han lèt seg dela i tre retningar – horisontalt og to gonger vertikalt og desse kløyvningsretningene står vinkelrett på kvarandre. Dette særdraget gjer granitten veleigna til produksjon av bruksstein; brustein, murblokker og finstein. Den gjennomsnittlege tettleiken til granitt er kring 2,65[1] g/cm3, trykkstyrken ligg over 200 MPa og viskositeten ved standard temperatur og trykk er ~4,5 • 1019 Pa•s.[2]

Granitoidar vert nytta som eit skildrande uttrykk for generelt, lyse, grovkorna magmatiske bergartar som krev petrografiske undersøkingar for fastsetje kvar bergart det er snakk om.[3]

  1. «Basic Rock Mechanics». Webpages.sdsmt.edu. Arkivert frå originalen 2. mai 2008. Henta 17. mai 2010. 
  2. Kumagai, Naoichi; Sadao Sasajima, Hidebumi Ito (15. februar 1978). «Long-term Creep of Rocks: Results with Large Specimens Obtained in about 20 Years og Those with Small Specimens in about 3 Years». Journal of the Society of Materials Science (Japan) (Japan Energy Society) 27 (293): 157–161. Henta 17. mai 2010. 
  3. «Granitoids - Granite and the Related Rocks Granodiorite, Diorite and Tonalite». Geology.about.com. 6. februar 2010. Henta 17. mai 2010. 

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search