Hanzi

Hànzì 'kinesisk(e) teikn' skrivne med tradisjonelle teikn (til venstre) og forenkla teikn (til høgre).
Kinesisk kalligrafi.

Hanzi (汉字 / 漢字, pinyin hànzì) er det kinesiske namnet på det kinesiske teiknsettet. Med tonar vert det hànzì. Det finst i to former, ei forenkla form (jamfør 汉字 hànzì) som vert brukt i mesteparten av Kina og i Singapore, og ei tradisjonell form (jamfør 漢字 hànzì) som vert nytta på Taiwan og i Hong Kong.

I Sør-Korea, der dei vert kalla 한자 / 漢字 hanja, vert mange av dei same teikna som i den tradisjonelle kinesiske forma nytta som eit supplement til det koreanske alfabetet hangul, koreansk 한굴 hangeul. I Nord-Korea vart 한자 / 漢字 hanja avskaffa i 1949, og ein nyttar berre det koreanske alfabetet, som her vert kalla 조선글 joseongeul. I Japan nyttar ein eit eige sett av teikn som vert kalla 漢字 kanji, der mange av dei tradisjonelle teikna er forenkla, men ikkje alltid dei same som i Kina. Teikna vart før òg nytta for å skrive vietnamesisk, og på dette språket heiter dei Hán tự ( 漢字), chữ Hán (𡨸漢), chữ Nho (𡨸儒) og chữ Trung Quốc (𡨸中國).


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search