Jan er eit fornamn som er utbreidd hovudsakleg i germanske og vestslaviske språkområde. Det er ei kortform av Johannes, som kjem frå det hebraiske namnet Yochanan, via greske Ioannes (Ιωαννης), som tyder "Gud er nådig". Namnet har vore brukt på norsk sidan 1600-talet. Det er i notida det mest brukte mannsnamnet i Noreg og Polen, og det nest mest brukte i Tsjekkia. Variantar av stavemåten er Jahn, Jaan (Estland) og Ján (Slovakia).
Jan er òg noko brukt som kvinnenamn på engelsk, då som ei kortform av namn som begynner på Jan, som Janet og Janice.
© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search