Kalkstein

Kalkstein med fossil.
Lys kalkstein på mørk alunskifer ved Nærsnes i Røyken.
Foto: Kjetil Lenes

Kalkstein er ein sedimentær bergart som består av meir enn 50 % kalsiumkarbonat (CaCO3).

Kalkstein er anten danna ved kjemisk utfelling frå vatn overmetta på kalsiumkarbonat, eller biokjemisk, som dei fleste kalksteinane. Ved sistnemnde kjem kalken frå marine organismar, hovudsakleg korallar, kalkskal frå mikrofossil (til dømes krit, som består av 97,5-98,5 % kalkspat) eller nedknuste skjelrestar (til dømes kalksand frå snigleskal og skjel) og frå andre daude kalkdannande organismar som skil ut kalsiumkarbonat for å danne skal eller skjelett. Når organismane døyr fell skala og skjelettfragmenta til botn. Her vert dei med tida gravlagd og pressast og sementerast saman under stadig høgare trykk og temperatur; ein forsteiningsprosess som òg blir kalla diagenese. I denne prosessen vil dei fleste organiske strukturane forsvinne og mange kalksteinar er derfor homogene og utan tydelege fossil.

Om kalkstein vert utsett for høgt trykk og varme over lang tid, vil han gjennomgå metamorfose og bli til marmor. Under metamorfosen vil skalrestane dels løysast opp og krystallisere på ny som kalkspat. Øvrige restar frå organismane (primært karbon) blir då omdanna til grafitt.

I den geologiske lagfølgja er kalkstein eit teikn på at området der bergarten er danna har låge under eit grunt hav. Som følgje av landheving som lyfter kalksteinsavsetningar opp i dagen og erosjon av overliggande bergartar kan ein derfor finne kalkstein på land i dag.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search