Koranen

Koranen
القرآن‎

Ei side i ein andalusisk koran.
Språkklassisk arabisk
Blei til631
Sjangerreligiøs litteratur, heilag skrift

Koranen (arabisk القرآن‎) er den heilage skrifta i islam. Ho består av profeten Muhammed sine openberringar.

Ein gammal Koran ved American Museum of Natural History i New York.

Koranen består av 114 suraer (kapittel), og dei er ordna slik at dei lengste suraene kjem fyrst, og dei kortaste sist, med unnatak av den korte fyrste suraen som er ei sentral bøn i islam.

For dei truande er Koranen bokstaveleg Guds ord, ein kopi av ei himmelsk bok «nedsend» til Muhammed via openberringar. Koranen er skriven på arabisk, og omsetjingar vert ikkje rekna som heilage, men som tolkingar av Koranen.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search