Korg

Korgveving ved Ossa-sjøen i Kamerun.

Korg (av norrønt korft, frå latin corbis) er eit ilåt som er fletta, vove eller bunde av eit halvmjukt materiale slik at det får ein fast fasong. Ein kan også bruka ordet om ilåt med same funksjon som korger, som papirkorg eller handlekorg.

Ein har tradisjonelt laga korger over størsteparten av verda, typisk med cellulosefiber som strå, bast, vidje, siv, tynne trestykke og liknande. I nyare tid har ein også teke i bruk plast, metall, tekstilar og anna til å laga korger, og dei treng ikkje berre vera fletta, men kan også vera støypte.

Korger finst i talrike storleikar og fasongar, som høge eller låge, avrunda eller firkanta, med eller utan hol, handtak, lok og fôr. Dei kan ha mange ulike føremål, til dømes lagring, bering, sanking, fiske, framsyning, som fargreie, sovestad eller møbel. Korger kan berast på armen (typisk med handtak i armkroken), ryggen eller hovudet. Tilpassa korger kan brukast til transport på syklar, eller i spesialutforming til ballspel som basketball/korgball.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search