Lov om kulturminner

Eit døme på automatisk verna kulturminne er dei spora etter trehus frå til dømes jarnalderen som kan ligge att i overflata av grunnen under matjordlaget på dyrka mark. Her er synt dei spora, stolpehola, som kom for dagen under ei arkeologisk utgraving av ein gamal gard på Epse-Noord i nærleiken av Deventer i Nederland. Det er gjort mange liknande funn av spor etter fortidas trehus under arkeologiske utgravingar i Noreg òg, som til dømes etter den store vikingtidsbygningenBorg i Lofoten. Denne bygningen stod likeeins berre att som spor og leivningar i undergrunnen, men er rekonstruert i full skala på grunnlag av dette funnmaterialet.

Lov om kulturminner, òg kalla Kulturminneloven, er ei lov frå 1978 som fastsett reglar for vern av kulturminne og kulturmiljø i Noreg. Alle spor etter menneskeleg verksemd i det fysiske miljøet, mellom anna stader som det knyter seg historiske hendingar, tru eller tradisjon til, er å rekne som kulturminne. Kulturmiljø er eit geografisk område der kulturminne inngår som del i ein større heilskap eller samanheng.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search