Magnetfelt

Magnetiske feltlinjer vist med jarnspon

Magnetfelt (også magnetisk feltstyrke, magnetisk flukstettleik) er i fysikken eit omgrep for kraftfelta rundt ein magnet, magnetisert gjenstand eller ein straumførande leiar. Det er til dømes eit magnetfelt som gjer at to magnetar vert dregne mot einannan eller støytte frå einannan, og at elektriske partiklar frå sola vert fanga rundt polane på jorda og skapar nordlys. Kraftlinene til ein magnet kan ein sjå ved å strø jarnspon på eit papirark e.l. over ein magnet, som på biletet til høgre.

Magnetfelt vert i klassisk fysikk skildra med Maxwells likningar, og i kvantemekanikken vert dei forklarte av kvanteelektrodynamikken. Magnetfelt er vektorfelt, det vil seia at dei har ein retningsverdi i tillegg til styrken på feltet.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search