Mat

For elva i Albania, sjå elva Mat.
Den vietnamesiske matretten phở med kylling.

Mat (norrønt matr)[1] er alt det ein kan eta. Mat er viktig for å få i seg næringsstoffa ein treng, men smak, lukt, utsjånad, tekstur og kulturell tyding kan likevel vera like viktig som nytteverdien til maten. Ulike område har derfor utvikla sine eigne, heilt forskjellige former for kokekunst.

Ein skil som regel mat frå drikke, sjølv om dei har mykje av dei same funksjonane. Mat kan finnast i like flytande form som drikke, men ein seier som regel at ein et mat (også flytande, som suppe) medan ein drikk drikke.

  1. «mat» i Nynorskordboka.

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search