New Zealand

New Zealand
Aotearoa

(norsk: New Zealand, newzealandsk)

Det newzealandske flagget Det newzealandske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «God Defend New Zealand»
Motto Ikkje noko
Geografisk plassering av New Zealand
Offisielle språk Engelsk, maori og newzealandsk teiknspråk
Hovudstad Wellington
Styresett
Kong
Generalguvernør
Statsminister
Konstitusjonelt monarki
Charles III
Cindy Kiro
Christopher Luxon
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
267 710 km² (75.)
2,1 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Folketeljing (2006)
 – Tettleik
 
4 510 327 (125.)
4 143 279
16,8 /km² (168.)
Sjølvstende
frå Storbritannia
26. september 1907
Nasjonaldag 6. februar
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
166 000 mill. USD (69.)
37 200 USD (33.)
Valuta Newzealandsk dollar
Tidssone UTC +12
Telefonkode +64
Toppnivådomene .nz
Kart over New Zealand:
Kart over New Zealand

New Zealand eller Ny-Zealand er ein øystat i den sørvestlege delen av Stillehavet på den sørlege halvkula. Landet ligg i den polynesiske triengelen og er litt større enn Storbritannia og består av to store øyar, kalla Nordøya og Sørøya. I tillegg er der talrike mindre øyar, av desse er dei mest kjende og største Stewart Island/Rakiura og Chatham Islands. Frå nordspissen av Nordøya til sørspissen av Sørøya er det 1600 km. Landet ligg mellom 30 og 50 grader sørleg breidd. Maorinamnet på New Zealand er Aotearoa, vanlegvis omsett med Landet til den lange, kvite skya. Realm of New Zealand (heile landområdet der dronninga av England er statsoverhovud) omfattar også Cook Islands og Niue (sjølvstyre i fri assosiasjon med New Zealand), Tokelau og Ross Dependency (New Zealand sine territoriale krav i Antarktis).

New Zealand er kjend for geografiske isolasjon: Landet ligg om lag 2000 km søraust for Australia over Tasmanhavet, og dei næraste naboane mot nord er New Caledonia, Fiji og Tonga. Gjennom den lange isolasjonen har New Zealand utvikla ein særeigen fauna dominert av fuglar, der ei rekkje er urydda av menneska som kom til øyane og dei invasive dyreartene som dei førte med seg.

Den største delen av innbyggjarane på New Zealand er av europeisk avstamming, dei innfødde maoriane er den største minoriteten. Asiatar og ikkje-maoriske polynesarar er betydelege minoritetsgrupper, særleg i byane. Det mest vanleg brukte språket er engelsk.

New Zealand er eit utvikla land med høg internasjonal rangering på ei rekkje område, mellom anna utdanning, økonomi og låg førekomst av korrupsjon. Byane i landet vert også rekna mellom dei med best levevilkår i heile verda.

Elizabeth II er som dronning på New Zealand statsoverhovud i landet, og vert representert av generalguvernøren. Den utøvande politiske makta ligg hos den newzealandske regjeringa.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search