Nord

Aurora borealis, nordlyset, er eit nordleg fenomen.

Nord er ei av dei fire himmelretningane, kompassretningane eller verdshjørna og vert som oftast forkorta med N. Ho er motsett av sør og har rette vinklar til aust og vest. Nord vert i vestleg kultur sett på som hovudretninga og brukt, eksplisitt eller implisitt, til å definere alle andre retningar.

Rett nord er rekna som retninga mot den nordlege enden av aksen som jorda roterer rundt, kalla Nordpolen eller den geografiske nordpolen. Nordpolen ligg i Arktis.

Magnetisk nord er retninga mot den magnetiske nordpolen som ligg eit stykke unna den geografiske, og den retninga der jorda sitt horisontale magnetfelt har den mest positive verdien. Ujusterte kompass peikar mot den magnetiske nordpolen, men då dette kan verte feil dersom ein vil rett nord, vert kompassa justerte slik at dei utliknar differansen.

  • På kompasset er nord gitt ved retninga 0 eller 360 grader, 0 eller 400 gon.
  • Dersom ein er vendt aust, er nord retninga til venstre.
  • På ein flyplass vil ei nordvendt landingsbane ha nummer 36 etter kursen til det landande flyet (360 grader).

Ein seier gjerne at ein skal nordover, eller er på reise nordover, sjølv om ein kanskje reiser like mykje austover. Ein kan til og med reise sørover eit stykke, så lenge ein til slutt endar opp lenger nord.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search