Innan kjemi og partikkelfysikk, er orbital nemninga på dei områda elektronet kan opptre i rundt eit enkelt atom. Tidlegare gjekk ein ut frå at elektrona var partiklar som gjekk i separate baner (en. orbit) rundt atomkjernen på same måte som planetane krinsar rundt sola. Men i kvantemekanikken som skildrar bølge-partikkel-dualiteten til materien, kan partiklar på dette nivået ikkje sjåast som distinkt avgrensa fysiske gjenstandar. I staden vert dei skildra som ei elektronsky med ei romleg fordeling som viser sannsynet for utstrekninga og posisjonen til partikkelen.
Eit fritt elektron kan gå inn i ein kva som helst energitilstand, medan eit elektron som er bunde til ein atomkjerne berre kan ha diskrete, kvantifiserte energitilstandar og orbitalane er eit uttrykk for maksima i sannsynsfordelinga for desse kvantifiserte energitilstandane.
Orbitalane har namn etter forelda skildringar av linjene som opptrer ved spektroskopi: skarp (skarp), principal (hovud-), diffus, fundamental og g . Desse svarar til respektive bikvantetal: s=0, p=1, d=2, f=3 og g=4.
© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search