Roma

Roma
by
Flagg
Motto: Senatus Populusque Romanus – SPQR
Kallenamn: Den evige staden
Land  Italia
Region Lazio
Provins Roma
Høgd 20 m
Areal 1 287,36 km²
Folketal 2 748 109 (1. januar 2023)[1]
Grunnlagd 21. april 753 fvt.
Postnummer 00121–00199
Retningsnummer 06
Kart
Roma
41°53′35″N 12°28′58″E / 41.893055555556°N 12.482777777778°E / 41.893055555556; 12.482777777778
Wikimedia Commons: Rome

Roma (stundom kalla Rom på norsk og fleire andre språk, og Rome på ei rekkje andre) er hovudstaden i Italia, regionen Lazio og provinsen Roma. Byen har om lag 2,7 millionar innbyggjarar og er den største byen og kommunen i landet ut i frå både folketal og flatevidde. Storbyområdet har om lag 4 millionar innbyggjarar. Han ligg sentralt i dei vestlege områda av Den italienske halvøya der elva Aniene munnar ut i Tiber. Roma vert omtala som «den heilage byen» fordi den katolske kyrkja har sitt hovudsete i byen. Paven, overhovudet for katolikkane i verda, styrer over Vatikanstaten som er ein liten enklave i Roma.

Roma var i fleire hundre år hovudstad i Romarriket, ein stat som herska over store delar av Europa og område kring Middelhavet. Roma har vore hovudsete for Det romerske kongedømet, Den romerske republikken og Romarriket.

Ifølgje segna skal Roma ha vorte grunnlagd den 21. april 753 fvt. av Romulus, som tok livet av tvillingbror sin Remus i prosessen. Datoen var grunnlaget for den romerske kalenderen og den julianske kalenderen (ab urbe condita). Romulus og Remus skal ha vore søner av den romerske guden Mars og prestinna Rea Silvia, dotter av Numitor, konge av Albalonga. Som unge gutar vart dei etterlatne for å redda dei frå hatet til Amulius, som ville ha trona til Albalong. Gutane vart tekne vare på av ein houlv som framleis er eit av symbola på Roma. Romulus tok seinare livet av Remus og vart den fyrste kongen av Roma.

Roma vart bygd på Solåsen som seinare vart kalla Palatinarhøgda og vart utvida til å inkludera sju høgdedrag: Palatinerhøgda, Aventinerhøgda, Kapitol, Kvirinalhøgda, Viminalhøgda, Esquilinhøgda og Celio etter Månen, Merkur, Venus, Mars, Jupiter og Saturn. (sjå romersk mytologi.)

Roma var ein av få storbyar i Europa som ikkje vart råka av bomber under den andre verdskrigen og består derfor stort sett av bygg frå renessansen og barokken. Det historiske sentrumet i Roma er på UNESCO si verdsarvliste.

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://demo.istat.it/?l=it.

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search