Slaget ved Carrickfergus i 1760

Slaget ved Carrickfergus
Del av sjuårskrigen

Dato 21. til 26. februar 1759
Stad Carrickfergus i Irland
Resultat Frankrike okkuperte byen i fem dagar før dei trekte seg attende
Partar
 Storbritannia  Frankrike
Kommandantar
oberst John Jennings François Thurot
General Flobert
Styrkar
200 600
Sjuårskrigen: Quiberon
Le Havre - LagosQuiberonbukta - Carrickfergus

Slaget ved Carrickfergus fann stad i februar 1760 i Carrickfergus i Irland under sjuårskrigen. Ein styrke på 600 franske soldatar gjekk i land kommandert av kaperen François Thurot og tok den vesle garnisonen i byen og erobra borga.[1]

Då ord om hendinga nådde Dublin vart ein liten styrke dragonar sende av hertugen av Bedford som feilaktig frykta at det var ei skinnåtak for å trekkje britiske styrkar nordover, slik at den franske hovudstyrken kunne angripe Cork eller Dublin.

Thurot heldt byen i fem dagar, og trua den nærliggande Belfast og kravde forsyningar og løysepengar. Då den lokale militsen under general Strode og ein skvadron frå Royal Navy dukka opp utanfor kysten, sende Thurot styrken sin til sjøs att og forlet byen.[2]

  1. McLynn p.385
  2. Longmate s.181

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search