Sogn og Fjordane fylke

Sogn og Fjordane fylke
fylke
Fylkesvåpen
Land  Noreg
Del av Vestlandet
Adm.senter Leikanger
Areal 18 623 km²
 •  land 17 709 km²
 •  vatn 914 km²
Folketal 109 774 (1. januar 2019)[1]
Målform nynorsk
Statsforvaltar Anne Karin Hamre
Fylkesordførar Jenny Følling (Sp)
Fylkesnummer 14
Kart
Sogn og Fjordane fylke
61°20′00″N 5°50′00″E / 61.333333333333°N 5.8333333333333°E / 61.333333333333; 5.8333333333333
Wikimedia Commons: Sogn og Fjordane
Nettstad: www.sfj.no

Sogn og Fjordane er eit geografisk område, noverande valkrins til stortingsval og eit tidlegare fylke i Noreg. Fylket låg mellom Møre og Romsdal i nord og Hordaland i sør. I aust grensa fylket til Oppland og i søraust til Buskerud. I 2020 vart fylket slått saman med Hordaland til Vestland fylke.

Fylket svara til det tidlegare Nordre Bergenhus Amt og har sitt noverande namn frå 1919. Det var samansett av tre hovuddelar, dei gamle futedøma Sogn, Sunnfjord og Nordfjord, der dei to siste utgjer Fjordane. Sogn og Fjordane var særmerkt av fleire fjordar og omfatta Sognefjorden, som er den lengste og djupaste fjorden i Noreg. Jostedalsbreen, den største isbreen på det europeiske fastlandet, ligg mellom dei inste armane av Nordfjorden og Sognefjorden. På grensa mellom kommunane Luster og Årdal ligg Store Skagastølstind, som med sine 2405 moh. er den høgaste fjelltoppen på Vestlandet og den tredje høgaste i Noreg.

Fylket var svært fjellrikt, og omfatta fleire gode lakseelvar. Fylket hadde også mange frodige jordbruksbygder og mykje fruktdyrking. Husdyrhald, skogbruk og fiskeoppdrett er også utbreidd. Andre viktige næringar er industri, handel, turisme, privat og offentleg tenesteyting og administrasjon.

Nærøyfjorden og Urnes stavkyrkje står oppført på UNESCO si verdsarvsliste.

Førde var den største tettstaden i fylket og Hermansverk i Leikanger kommune var sete for administrasjonen i fylkeskommunen. Florø, som ligg på vestkysten, er den vestlegaste byen i Noreg. Sogn og Fjordane var vennskapsprovins med den kinesiske provinsen Ningxia.

Fylkesvåpenet vart godkjent ved kongeleg resolusjon 23. september 1983. Motivet er på sølv grunn tre blå spissar mot venstre, der spissane står for dei tre fjordane i fylket og viser til fylkesdelane Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Fylkesblomsteren til Sogn og Fjordane er revebjølle og fylkessteinen er eklogitt.

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Population and changes during the quarter (M) 1997K4 - 2019K2». Henta 17. november 2019. 

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search