Tettstad

Ein tettstad er på dagleg-norsk eit område der fleire menneske bur tett saman, utan at det er stort nok til å kallast ein by. Statistisk sentralbyrå på si side definerer ein tettstad som ei samling hus der det bur minst 200 personar, det vil seie rundt 60-70 bustadhus, og der avstanden mellom husa normalt ikkje er meir enn 50 meter. Etter denne definisjonen er tettstadgrenser uavhengige av kommune- og fylkesgrenser, og det er heller inga øvre grense for storleiken på ein tettstad, eller ei avgrensing mot omgrepet by. Noregs største tettstad er tettstaden Oslo som strekkjer seg inn i nabofylka Akershus og Buskerud.

Tettstad-omgrepet kjem frå svensk, og er eit nordisk omgrep innan bygeografi for det engelske urban area. I samsvar med semje på nordisk plan vert ein liknande defininsjon som gjeld for tätort i Sverige nytta for tettstad i Noreg og for tilsvarande nemningar for tettbygde område i Danmark og Finland.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search