Torpedo

Den amerikanske ubåten USS «Virginia» avfyrer ein torpedo.

Torpedo er eit sjølvdrive undervassvåpen som kan brukast mot ulike fartøy. Dei er vanlegvis sylinderforma, og kan sendast ut av undervassbåtar, overflatefartøy, luftfartøy eller stasjonære basar.[1] Våpenet består av ei sprenglading, motor, drivstoff/trykklufttank og propell. Det blei utvikla frå slutten av 1860-åra.

Dei første torpedoane hadde ein aksjonsradius på nokre hundre meter og ein fart på 6–7 knop. Før dette hadde ein hatt slepetorpedoar og stangtorpedoar. Teknologien er blitt kontinuerleg forbetra og torpedoen utvikla seg over tid til eit frykta våpen, til dømes under andre verdskrigen.

  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet SNL

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search