Transport

Transport med menneskekrefter i ein berestol

Transport er flytting av personar eller gods frå ein stad til ein annan ved hjelp av eit transportmiddel. Ordet kjem frå latin trans, den andre sida, og portare, å bera. Ein vel utvikla transport er hovudføresettinga for dagens viktige verdshandel, for globalisert næringsliv og turisme.

Ein kan dela det store transportfeltet inn mindre felt på ulike vis. Det er til dømes ein stor skilnad mellom motorisert transport, som er den viktigaste transportmetoden i dag, og ikkje-motorisert transport, som er basert på menneskekraft, trekkdyr og enkel utnytting av naturressursar, og som har vore den viktigaste transporttypen i førindustriell tid. Ein annan måte å dela inn transport på er å sjå kvar han går føre seg: Landtransport, luftfart eller skipsfart på hav, elvar og kanalar.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search