Treeininga

Treeininga i ein fransk miniatyr frå 1300-talet.

Den heilage treeininga er i kristen doktrine ei nemning på Gud. Ho definerer Gud som eitt vesen, men tre personar: Faderen, Sonen og Den Heilage Anden. Dei fleste kristne kyrkjer vedkjenner seg denne trua, men det finst nokre retningar som avviser henne.

For dei fleste kristne er trua på ei treeining ein sentral del av trua deira, men det finst òg fleire retningar, både historiske og noverande, som avviser henne. Dette gjeld mellom anna Siste Dagers Hellige, Jehovas Vitner, Kristadelfianarane, Christian Science, Einingskyrkja, Unitarkyrkja, Iglesia ni Cristo og andre.

Personane i treeininga slik dei ofte blir framstilde: Den gamle og vise faren, den ofra sonen, og den kvite dua. Måleri av José de Ribera ca. 1635-1636.

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search