Vogesane

Vogesane
fjell
Land  Frankrike
Kart
Vogesane
48°N 7°E / 48°N 7°E / 48; 7
Wikimedia Commons: Vosges mountains

Vogesane er ei fjellkjede i sentral-vestlege delar av Europa. Ho strekkjer seg langs vestsida av Rhindalen mot nord-nordaust, frå Basel i Sveits til Mainz i Tyskland. Geografisk ligg heile fjellkjeda i Frankrike der Pfälzer Wald ligg på andre sida av Col de Saverne. Geologisk vert derimot delar av Pfälzer Wald rekna som ein del av Vogesane, særleg den franske delen av Pfälzer Wald.

Typisk landskap i Vogesane (Chajouxdalen i La Bresse i Frankrike)
Fossar i dei austlege Vogesane
Innsjø i Vogesane (Lac de Schiessrothried)

Frå 1871 til 1918 danna den sørlege delen av fjellkjeda, frå Ballon d'Alsace til Mont Donon, grensa mellom Frankrike og Tyskland. Det er mange likskapar mellom Vogesane og Schwarzwald på andre sida av Rhinen. Begge ligg på same breiddegrad, og har same geologiske formasjon. Begge er dekte av skogar i dei lågareliggande områda med opne beitemarker og runde toppar i høgare område. I tillegg dalar begge bratt ned mot Rhinen på kvar si side. Vogesane består stort sett av granitt i dei sørlege delane, med enkelte massar av porfyritt og ein slags raud sandstein, som på den vestlege fjellsida har det franske namnet grès Vosgien.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search