Inuktun | ||
Klassifisering | Eskimoisk-aleutisk Inuittisk Grønlandske | |
Bruk | ||
Tala i | Nord-Grønland | |
Inuktuntalande i alt | 800–1 000 | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Grønland (Danmark) | |
Språkkodar | ||
Glottolog | pola1254
|
Inuktun er eit inuitspråk i den eskimoisk-aleutiske språkfamilien. Det blir tala nord på Grønland. På dansk er det blitt kalla nordgrønlandsk, polareskimoisk og thulesproget, medan på grønlandsk er det kalla avanersuarmiutut.
Inuktun blei først skildra av utforskarane Knud Rasmussen og Peter Freuchen som drog gjennom Nord-Grønland tidleg på 1900-talet og grunnla ein handelsstad på Dundas i 1910. Inuktun har ikkje eit eige skriftspråk og blir ikkje undervist i skulen. Det har likevel ei sterk stilling som daglegspråk som blir brukt av dei fleste innbyggjarane i Qaanaaq og landsbyane rundt. På inuktun heiter desse landsbyane Muriuhaq, Hiurapaluk, Qikiqtat, Qikiqtarhuaq og Havighivik.
© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search