Josefin, Josefina og Josefine er kvinnenamn danma av Josef som kjem frå hebraisk jōsēf (יוֹסֵף), 'Herren skal auka' og det feminiserande sisteleddet -ine. Josephine er ein annan vanleg skrivemåte for namnet. Josephin kan vera eit fransk mannsnamn. Josefa og Josefia er nærskylde kvinnenamn, medan Josetta, Josette, Josiane og Josina har liknande opphav. Jo, Jose, Josie og Jossa er moglege kortnamn.
Josefine har namnedag den 19. mars i Noreg, same dag som Josefina har svensk namnedag. Namnet blei teke inn i den svenske almanakken då kong Oskar I gifta seg med Josefina av Leuchtenberg.
© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search