Kalambo | |||
elv | |||
Kalambofalla
| |||
Land | ![]() ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Kalambo 8°24′S 31°18′E / 8.4°S 31.3°E | |||
Wikimedia Commons: Kalambo |
Kalambo er ei elv som utgjer ein del av grensa mellom Zambia og Tanzania. Ho er ei forholdsvis lita elv som har kjelde i høglandet nordaust for Mbala i Zambia, i ei høgd på om lag 1800 meter over havet. Ho renn gjennom Albertinerifta før ho munner ut i den søraustlege enden av Tanganyikasjøen, om lag 770 meter over havet. Lengda er om lag 50 km målt i rett linje. Dette inkluderer dei kjente Kalambofalla, som er den nest høgaste fossen i Afrika etter Tugelafalla i Sør-Afrika. Kalamboelva skjer seg ned i ei djup kløft nedanfor fossen.
© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search