Kathina eller kathen er ei buddhistisk høgtid som kjem ved slutten av vassa, den tre månader lange regntida markert innan theravada. Ein markerer henne gjennom gåvegjeving og seremoniar. Truande gjev gjerne gåver til buddhisttempel, særleg draktklede til munkane, som har vore bufaste under regntida.
Paliordet «kathina» viser til ei treramme som munkar i det gamle India brukte til å strekka ut og skjera eller sy saman tøy på. Det var vanleg å laga «kathinaklede» av fleire samansydde lappar på ei slik ramme.[1] Ifølge ei buddhistisk forteljing sende Buddha klede gjeve til han av ein lekmann til ei gruppe munkar som var blitt hindra av kraftig regn frå å møta han, og bad dei sy ei drakt til éin av dei. Munkane blei oppløfta av samarbeidet og delinga.[2] Dagens kathinaklede blir gjevne ferdiglaga av nye tekstilar, men er framleis sydd saman av fjorten tøylappar.[1]
Eit buddhistkloster kan feira kathina i månaden etter den første fullmånen i den ellevte månaden. Dette er vanlegvis i oktober eller november. For å kunne halda ei feiring må klosteret ha hatt minst fem munkar buande under vassa. Munkar som har budd der i heile perioden kan få klede som gåve.
© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search