Namsosbanen

Namsosbanen
Info
System Enkeltspora bane
Status Sidebane utan regulær trafikk
Utgangsstasjon Grong
Endestasjon Namsos
Drift
Opna 1933
Eigar Bane NOR
Teknisk
Lengd 51,5 km
Bruer 18
Tunnelar 5
Planovergangar 113
Kart
Namsosbanen

Namsosbanen er ei jernbanestrekning som går frå Grong til Namsos i Trøndelag. Strekninga er 52 km lang og er eit sidespor til Nordlandsbanen. Banen vart opna 1. november 1933. Persontrafikken vart lagd ned i 1978. Godstrafikken til Namsos vart nedlagd i 1999, men heldt fram med korntog mellom Grong og Skogmo til 2005.

I dag kan turistar låne dresin på campingplassen i Namsos for å sykle strekninga Namsos-Skage. Jernbaneverket estimerte i 2009 at ei opprustning av Namsosbanen vil koste mellom 150 og 250 millioner kroner.[1] Namsosbanen er offisielt ikkje nedlagt. 14. oktober 2010 vart Grong stasjon fjernstyrt og Namsosbanen er signalteknisk ikkje lenger ein del av stasjonen. Banen vart då eit sidespor til Grong.[2] I 2021 blei banen tatt ut av det nasjonale jernbanenettet.[3]

  1. «Nytt nei til Namsosbanen». NRK Trøndelag. 3. juni 2009. Henta 29. desember 2012. 
  2. «Grong stasjon fjernstyrt». Arkivert frå originalen 15. november 2018. Henta 26. august 2021. 
  3. Samferdselsdepartementet (11. mai 2021), «Namsosbanen og strekninga Røste-Dokka på Valdresbanen tas ut av det nasjonale jernbanenettet», Regjeringa.no, henta 26. august 2021 

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search