Orlogsflagg

Det belgiske orlogsflagget
Det kroatiaske orlogsflagget
Det japanske orlogsflagget
Det norske orlogsflagget

Orlogsflagg er eit flagg som viser nasjonaliteten til dei sjømilitære styrkane i eit land. For å kunne skilje sivile fartøy frå militære, er orlogsflagget i mange land forskjellig frå handelsflagget. Orlogsflagget vert ofte òg bruka som militærflagg.

I dei nordiske landa er orlogsflagga utstyrte med splitt eller splitt og tunge, som i det norske statsflagget. Dei skil seg dermed frå handelsflagga til desse landa.

I nokre land er orlogsflagget danna med eit tillegg av symboler, gjerne knytt til sjøfart eller t sjømilitæret.

Ei eiga gruppe orlogsflagg vert kalla white ensigns og har sitt opphav i det britiske orlogsflagget, ein kvit duk delt av ein raud kross og med unionsflagget i kantonen, det øvre hjørnet. Mange land som har vore britiske koloniar fører orlogsflagg etter dette mønsteret.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search