48°46′21″N 25°59′30″E / 48.77250°N 25.99167°E Prestegrotta (Ozerna på ukrainsk Озерна, tyder: "innsjø") er ei grotte vest i Ukraina nær landsbyen Strilkivtsi (ukrainsk стрілківці), i Borsjtsjiv rajon i Ternopil oblast.
Prestegrotta er ein del av eit omfattande gipsgrottesystem og er ei av dei lengste i verda med ei lengd på 124 km, av dei delane som er utforska.[1] Grotta ligg kring 450 km frå Kiev og kring 5,5 km sør for Borsjtsjiv.
I 1942-1944 gøymde fleire jødiske familiar seg frå nazistane. Nokre av dei vart funne, medan 38 av dei overlevde fram til den raude armeen frigjorde området i april 1944. Somme av dei hadde då vore i grotta i 344 dagar.
© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search