Prostaferese

Prostaferese er ein eldre reknemetode og ein av forløparane til logaritmerekninga. Ved prostaferese vert multiplikasjon redusert til addisjon ved hjelp av trigonometriske formlar der produktet av to sinus- eller cosinusuttrykk vert skrive som ein sum av desse funksjonane. Metoden vart oppdaga av Johannes Werner, ein prest i Nürnberg, på 1500-talet. Han vart ei tid gløymt bort, men vart sidan teken fram og utbygd vidare på stjerneobservatoriumet til Tyge Brahe i Uranienborg.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search