Scotia

Kart over dei romerske inndelingane av Irland og Skottland med Scoti vist som ei stammegruppe nord på Irland
Kart frå 1654 der Scotia blir brukt for Scotland og Hibernia/Ivverna for Irland

Scotia er eit latinsk stadnamn avleidd frå scoti eller gælarar, ei folkegruppe frå Irland og dagens Skottland. Det var opphavleg eit latinsk namn på landet der desse folka heldt til, og er fyrst dokumentert seint på 200-talet.[1] Frå 800-talet byrja tydinga av omgrepet til å gå over til å visa til den delen av øya Storbritannia som låg nord for Firth of Forth: Kongeriket Skottland.[1] I seinmellomalderen var det blitt det vanlege latinske namnet på Skottland.

Scotia blei opphavleg brukt som eit namn for Irland, til dømes av Adomnán i livssoga om heilage Columba frå 600-talet.[1] Under Den skotske sjølvstendekrigen nytta kong Robert I av Skottland (Robert the Bruce) og Domhnall Ua Néill namna Scotia Maior (Stor-Scotia) om Irland og Scotia Minor (Vesle Scotia) om Skottland. Etter 1000-talet blei Scotia hovudsakleg brukt om Skottland.

  1. 1,0 1,1 1,2 Duffy, Seán. Medieval Ireland: An Encyclopedia. Routledge, 2005. s. 698

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search