Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Skolekorps er ein type musikkorps der barn og ungdom speler, ofte med tilknyting til ein særskild skole. Korpsa gjev medlemmene opplæring i å spela eit instrument eller i drilling, og opptrer ved visse høve, særleg ved syttande mai-markeringar.
Norske skolekorps er ein viktig utdanningsinstitusjon som rekrutterer musikarar til det profesjonelle musikklivet. Korpsa blir i stor grad drivne av foreldre, men med innleide profesjonelle krefter. Skolekorpsmusikantar er normalt i alderen 7-19 år. Eldre musikantar, gjerne frå 15 år og oppover, kan også spela i amatørkorps.
© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search