Ein vimpel (frå lågtysk og nederlandsk, i slekt med norrønt vimpill, 'hovudtørkle') er eit langt, smalt flagg som ein kan henga opp frå offentlege og private flaggstenger for å vise vindretning, gje signal eller dekorera. Han har ofte nasjonalfargar. Vimplar er gjerne trekanta, eller kan vera forma som band og ha splitt.[1]
Vimpel i nasjonalfarger er rekna som meir uformelt enn nasjonalflagg, og ein kan ha dei heiste heile døgnet.[2]
I handelsflåten kan ein vimpel visa logoen til eit reiarlag og er hengt opp frå ein mastetopp.
Vimpel med splitt blir kalla ein stander og er eit kommandoteikn for krigsskip.
© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search