Walkersirkulasjonen

Ei skjematisk plott av delvis likevekt og La Niña fasen av den sørlege oscillasjonen. Walkersirkulasjonen kan ein sjå ved overflata som den austlege passatvinden. Vestsida av det ekvatoriale Stillehavet har ofte varmt og fuktig vêr, og det vert frigjeve mykje fukt i samband med tyfonar og torevêr. Havet er 60 cm høgare på vestsida av Stillehavet enn på austsida på grunn av den vestlege havstraumen. Under ein El Niño strøymer dette varme vatnet tilbake mot aust på grunn av høgdeskilnaden, og fører med seg varmt vatn og det fuktige vêret til Sør-Amerika.

Walkersirkulasjonen er ein atmosfærisk sirkulasjon over ekvator i Stillehavet. Dette fører til den austlege passatvinden langs havoverflata, og skapar ein havstraum som går vestover. Utanfor kysten av Peru og Ecuador fører dette til oppvelling av kaldt og næringsrikt vatn til overflata, for å erstatte vatnet som strøymer vestover. Dette gjev gode forhold for fiskerinæringa i området. Sirkulasjonen vart oppdaga av den norske meteorologen Jacob Bjerknes i 1969 og kalla opp etter den britiske fysikaren Sir Gilbert Walker, som oppdaga den sørlege oscillasjonen.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search