Blade Runner er eit filmmusikkalbum av Vangelis for Ridley Scott-filmen Blade Runner i 1982. Det er stort sett ein mørk, melodisk kombinasjon av klassiske komposisjonar og synthesizerar som speglar den futuristiske film noir-stilen til Scott. Sidan premieren av filmen er det gjeve ut to offisielle album med musikk som ikkje var med i filmen og nye komposisjonar i liknande stil. Ei orkesterutgåve av av filmmusikken vart gjeven ut i 1982 av New American Orchestra. Det originale filmmusikkalbumet kom først i 1994 med vokal frå Demis Roussos og saksofonsolo av Dick Morrissey på «Love Theme». Sporet «Memories of Green» frå albumet See You Later frå 1980 var òg med på albumet. Ei ny utgåve frå 2007 inneheld ei plate med ny musikk som var inspirert av filmen. I filmen kan ein òg høyre «Ogi No Mato» av den japanske gruppa Ensemble Nipponia, og harpespelaren Gail Laughton sin «Pompeii 76 A.D.» (frå Harps of the Ancient Temples). To songar som vart nytta mykje i arbeidskopien av filmen er «If I Didn't Care» av The Ink Spots og «Quran» av Brian Eno & David Byrne, som begge ikkje var med i kinoversjonen av Blade Runner. Det originale filmmusikkalbumet kom ut over eit tiår etter filmen, i 1994, trass i at musikken vart godt motteken av fansen og kritikarane og vart nominert i 1983 for ein BAFTA og Golden Globe for beste filmmusikk. Det var òg lovnader om eit filmmusikkalbum frå Polydor Records i rulleteksten på slutten av filmen. Samleplata Themes frå 1989 inneheld nokre spor frå filmen, men det var først to år seinare, etter at regissørversjonen av filmen kom i 1992 at filmmusikkalbumet endeleg kom ut.
© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search